Alde sider

75 cl 6,9% alk

Turr og perlande eplesider

Summerred Discovery

Aroma og Gravenstein

Syre g/l: 7 Sukker g/l: 10

Allergen: sulfitt

Når dagane vert korte og gulskjæret kjem i lia, er epla klare til hausting. Her på garden har eg Summerred, Gravenstein, Discovery og Aroma. Desse sortane passar ypperleg til sider og bidreg kvar med sin eigenart. Eg plukkar dei varleg ned når dei er søte nok og pressar dei til eplemost. Mosten fyller eg i ståltankar i lag med ein tanke sukker og gjær.

Når gjæringa har kome godt i gang set eg temperaturen ned og ventar spent. Slik får sideren utvikla seg sakte men sikkert, medan den held på den friske eplearomaen. Når sidertankane er utgjæra kallar eg saman gode vener og smakar oss fram til ei blanding som er balansert mellom syre og sødme, fruktigheit og frisk ange. Eg tilset litt kolsyre for å få den perlande og tappar så på flasker.

Alde Sider får du tak i på Vinmonopolet og i gardsbutikken

 
 
 

Alde Svans

75 cl 10% alk.

Still frysekonsentrert sider

Summerred, aroma, discovery

Syre g/l: 14 Sukker g/l: 45

Allergen: sulfitt

Laga litt på same vis som alde issider. Svans har dobbelt så mykje eple som ein vanleg sider. Dette gjev meir syre, meir alkohol og meir restsødme til balanse. Og ikkje minst ein intens duft av eple. Passar godt til kjøt og feit fisk . Gjerne godt krydra mat.

Alde Svans er å finne på vinmonopolet og i gardsutsalet.

 
 
 
 

Alde Issider

37,5 cl 10% alk.

Still frysekonsentrert sider

Summerred, aroma

Syre g/l: 25 Sukker g/l: 186

Allergen: sulfitt

Alde issider er laga ved å fryse ned den ferske eplemosten og så tine den sakte opp igjen. Denne prosessen konsentrerer opp sukker, syre og aromastoff. Når dette får gjera ut, vert resultatet ein fyldig dessertsider med markant syre og ein høg restsødme til balanse. Duft av eple og karamell. Passar godt til dessert og ost.

Alde Issider får du tak i på Vinmonopolet og i gardsbutikken

 
 
 
Lotherus.png

Lotherus

75 cl 6,9% alk.

Turr og perlande eplesider

Aroma Gravenstein

Discovery og Summerred

Syre g/l: 7 Sukker g/l: 10

Allergen: sulfitt

Forbanna god sider - frå Hardanger, sjølvsagt. Lotherus vert produsert her hjå Alde sider. Sideren er laga av Discovery, Aroma og Gravenstein - frisk, fruktig og perlande.

Denne får du kjøpt på gardsutsalet, samt på Vinmonopolet.

 
 
 

Bruk av alkohol kan gje ulike skadevirkningar. Meir informasjon finner du her.